Sterk borteseier for G16
Vann 4-1 mot Bud/Elnesvågen
Midsund IL sitt G16 lag avslutta vårsesongen med ein solid 4-1 seier over Bud/Elnesvågen.
Kampen vart spela på ein flott Elnesvågen stadion og det var tydleg at gutane var inspirert av den fine grasbana. 1. omgang var definitivt årsbeste fra Midsund som spela akkurat slik vi ønsker å framstå:
Forsvar: Kontant
Midtbane: Aggressiv
Angrep: Bakrom
Vi leda 4-1 til pause etter mål av Kristoffer og Agwa(3).
Bud/Elnesvågen som stod med 5 strake seiere vart tydlig tatt på senga av eit opplagt Midsundlag som veksla mellom å slå langt og gjennom ei hardtarbeidande midtbane og ikkje minst med Sindre og Agwa som gjekk på mange og gode løp gjennom heile kampen.
I 2. omgang kom Bud/Elnesvågen meir med i kampen og pressa Midsund i deler av omgangen.
Godt og kontant forsvarsspel og ein god Gunnar Hofstad i mål hindra heimelaget i å score.
Ein solid kamp av Midsundgutane som avslutta ein fin vårsesong som har gitt oss 19 poeng og tabelltopp.
Hardt arbeid lønner seg!
Dagens Midsundspelar: Gunnar Hofstad
Neste kamp er: DANACUP 2011

