Midsund IL

MIL / Fotball / Aldersbestemte lag / Gutter 16 / Midsund IL G16 på Hydrocup


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Aldersbestemte lag

Gutter 6-8
Gutter 10
Gutter 9
Jenter 10
Gutter 11
Jenter 12
Gutter 12 år
Jenter 14
Gutter 14
Jenter 16
Gutter 16

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Midsund IL G16 på Hydrocup

Knallhard helg på Sunndalsøra!

I helga var Midsund IL sitt G16 på Hydrocup på Sunndalsøra. Midsund IL havna i ei tøff pulje med Træff 1, Søya/Todalen og Sunndal 2. Fredag møtte laget Træff 1 og sjølv om gutane jobba steinhardt gjennom heile kampen så var det tydlig at Træff stilte med eit eldre lag enn våre gutar. 4-0 er eit ok resultat mot eit godt 1. div. lag. Lørdag var det Søya/Todalen som var motstandar og Midsundgutane spela ein god kamp mot eit av topplaga i 1. div.
3-1 til Søya/Todalen gir ikkje eit riktig bilde av kampen då Midsund hadde mange store sjansar. Seinare lørdag vart det 6-0 mot Sunndal 2 og gutane fekk med det ein solid revansj for 2-2 kampen i serien. Søndag morgen venta Molde 2 og det vart ein ny tøff match. Midsund leia 2-0 men rota det litt til for seg sjølv og kampen enda 2-2.
På tross av trøtte bein og hoder vann gutane den siste kampen 3-1 over Træff 2 og endte dermed opp med 2 seiere, 1 uavgjort og 2 tap. Absolutt ei bra turnering av Midsundgutane, ikkje minst med tanke på at me møter veldig gode lag i Træff 1 og Søya/Todalen. Desse laga vinn hhv A- og B-finalen og det viser nok at Midsund havna i den tøffaste pulja.
Midsund IL stilte med 5 stk G14-spelarar i troppen og med kun 15 spelarar totalt vart det tøft med 5 harde kampar. Spesielt den unge midtbana vår legg ned ein stor innsats med fokus på å presse ballførar og halde aggresiviteten oppe. Dei hadde ein tøff jobb mot spelarar som var 1-2 år eldre. No veit vi iallefall kor lista ligg til neste år!

Mange gode prestasjoner i helga av alle mann. Vidar Ræstad var Midsund sin beste spelar i turneringa med solid spel fra sin venstreback. Agwa Obiech hadde og ei veldig god turnering med 8 mål totalt.

Mest gledelig med årets cup er ein god lagmoral der vi jobber steinhardt gjennom alle kampane. Hardt arbeid gir resultat!

Følgande spelarar var med til Hydrocup:

1. Gunnar Hofstad
2. Vidar Ræstad
3. Aris Vølen
4. Erlend Indrebø
5. Andreas S. Orten
6. Simen Hagen
7. Johannes O.Sjøvik
8. Magnus Bjørnerem
9. Sindre Tangen
10. Agwa Obiech
11. Bruno Marques
12. Even Grimelid
13. leander Kirkeland
14. Martin Hansen
15. Adrian Grimelid

Målscorarar:

Agwa (8)
Magnus(2)
Sindre (2)

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost