Midsund IL

MIL / Fotball / Aldersbestemte lag / Gutter 16 / Danacup 2011


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Aldersbestemte lag

Gutter 6-8
Gutter 10
Gutter 9
Jenter 10
Gutter 11
Jenter 12
Gutter 12 år
Jenter 14
Gutter 14
Jenter 16
Gutter 16

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Danacup 2011

B-finale for Midsundgutane

Heim frå Danmark med pokal
Midsund IL sitt G15-lag gjekk heilt til B-finalen i den internasjonale fotballturneringa Danacup i Danmark i slutten av juli. Turneringa, som går føre seg i og rundt byen Hjørring , er saman med Norway Cup og Gothia Cup dei tre største internasjonale fotball-turneringane i verda.
Midsund IL deltok med eit G15 lag (gutar født etter 1.1. 1996). Med på laget var fire av våre lovande G97-spelarar og fire ”håndplukka” spelarar frå Gossen IL. Eit spennande prosjekt som viser at det er mulig å etablere eit godt samarbeid på tvers av klubbgrenser.
Søndag 24. juli, og fortsatt i sjokk etter hendingane i Oslo, reiste ein tropp på 16 spelarar og 2 leiarar med Norwegian til Oslo, og vidare med M/S Stena Saga til Fredrikshavn. Laget budde på Ulvkærskolen i Hirsthals omlag 15 minutt med buss frå Hjørring. Med på turen til Danmark var og ein eksklusiv heiagjeng i form av Anne Britt og Odd Einar Tangen, Ingeborg og Per Breivik, Tove og Magne Bjørnerem og ikkje minst ”knoll og tott” Iver Nygård og Jonas Bjørnerem. Heiagjengen budde i Fredrikshavn og i Dronninglund og fekk etter kvart mange kilometer i bil for å få med seg alle kampane.
Midsundgutane hamna i ei vanskelig pulje med Ipswich Town FC, Lura IL fra Rogaland, og Greåker IL fra Østfold. Både Lura IL og Greåker IL er lag i 1.divisjon i sine fotballkretsar, og Ipswich Town FC, ein gamal storklubb som p.t. spelar i Championship (1.div i England), og som så mange andre engelske klubbar har dei sitt eige fotballakademi. Målsettinga før avreise var å gå vidare til A-sluttspelet og utgangspunktet var at ein nok måtte vinne to av tre kampar i gruppespelet. Etter ei meir eller mindre søvnlaus natt på M/S Stena Saga gjekk måndagen med til å plassere 18 senger i eit alt for lite klasserom, gjennomføre ei knallgod treningsøkt i ausande regnver og ta ein nærare titt på Hjørring og baneanlegga. Sola kikka etter kvart fram og var med oss dei neste 7 dagane.
Tysdag starta gruppespelkampane og det skulle vise seg å bli mange kampar etter kvart for det unge laget frå Midsund/Gossen.
Gutane gjorde ei flott turnering og var nær å gå vidare til A-sluttspelet, men tapte kampen om denne på overtid mot Greåker IL onsdag kveld. I B-slutspelet gjekk laget heile vegen til finalen etter overbevisande resultat og 18-4 i målforskjell i dei fire sluttspelkampane torsdag og fredag. Laurdag morgon var det finale mot Egge IL frå Steinkjer og det var ikkje tvil om at fredagens 3 timar med fotball hadde satt sine spor. Skader og mange trøtte bein og hovud gjorde at laget ikkje makta å mobilisere det som skulle til for å vinne. I tillegg var Egge IL eit solid og godt lag og dei vann kampen fortent nok 2-0.
Å nå B-finale er utvilsomt ein flott prestasjon for ein liten klubb som Midsund IL. Samarbeidet med Gossen IL viser at med kreative løysningar så er det mulig og for oss å stille lag i store internasjonale turneringar som f.eks Danacup. Kampen mot Ipswich Town FC og Byåsen IL får stå som eksempel på at hardt arbeid gir resultat. Sjølv med tap mot Ipswich så la gutane ned ein imponerande innsats mot laget som seinare gjekk heilt til A-finalen. Sigeren 3-1 mot Byåsen smakte godt i og med at Trondheimslaget tydleg meinte at dette skulle bli lett match, ”ja lykke te ja – dåkk treng det”, var deira helsing før kampstart .
Etter ein solid laginnsats gjennom heile veka vert det neste urettferdig å trekke fram enkeltspelarar, men ein kjem ikkje utanom Agwa Obiech (9 mål), Arnet Nautnes (6 mål) og Lars Håkon Nerbø Wettestad ( 6 mål). Dei representerte ein offensiv kraft det vart vanskeleg å stå i mot for våre motstandarar. I tillegg så spela Gunnar Hofstad, Magnus Bjørnerem, Simen Hagen, og Agwa Obiech samtlige minutt i turneringa, og det oser vinnervilje av denne gjengen.
Ein fantastisk gjeng å reise på tur med og ein stor takk til alle spelarane, Helge Orten og supporterane for innsatsen i Danmark

Kampane:

gruppespel: Midsund IL – Lura IL 2-1 (0-1) - (Agwa og Lars Håkon)
gruppespel: Midsund IL – Ipswich Town FC 1-3 (0-0) - ( Agwa )
gruppespel: Midsund IL – Greåker IL 2-3 (0-2) - ( Agwa og Lars Håkon)
1/32- finale walkover
1/16-finale Midsund IL – Nymark IL 5-1 (2-0) - (Lars Håkon (3), Sindre og Agwa)
1/8-finale Midsund IL – BSG Eutin-Malente 6-1 (4-0) - (Arnet (3), Lars Håkon, Simen og Agwa)
1/4-finale Midsund IL – Nanset IF 4-1 (1-0) – (Agwa (2) og Arnet (2)
1/2-finale Midsund IL – Byåsen IL 3-1 (3-0) – (Agwa (2) og Arnet
Finale Midsund IL – Egge IL 0-2 (0-2)

Midsund IL – Lura IL 2-1 (0-1)
Første kamp i turneringa mot eit godt lag frå Rogaland. Vi hamna under 0-1 til pause.
Magnus Bjørnerem skaffa straffe med eit godt løp inne i 16. meteren. Agwa Obiech scora sikkert.
Heilt på tampen dukka Lars Håkon Nerbø Wettestad opp og fiksa sigeren og ga laget ei drømmeåpning i Danacup.
Midsund IL – Ipswich Town FC 1-3 (0-0)
Engelsk i stil og utførelse.
Eit knallgodt lag som gjekk heilt til A-finale der dei tapte for Odense Boldklub.
Midsundlaget sjokkåpna og fekk to kjempesjanser ved Agwa Obiech og Arnet Nautnes.
Etter kvart tok Ipswich Town FC over, men Midsundgutan kjempa med hardt press på ballfører og stor innsats gjennom heile 1.omgang. I 2. omgang vart Ipswich for gode og scora 3 mål før Agwa Obiech reduserte til 1-3 på nok eit iskaldt straffespark.
Midsund IL – Greåker IL 2-3 (0-2
Måtte minst ha uavgjort i denne for å gå til A-sluttspelet. Låg under 2-0 til pause etter ein tafatt 1. omgang. Laget reiste seg i 2. omgang og scoringar av Agwa på straffespark og Lars Håkon ”dukk opp” Wettestad ga håp om A-sluttspel. Corner til Greåker IL på overtid, og som så mange ganger før i år så sliter laget på defensiv dødball. Skuffende tap, og klar for B-sluttspill.
Midsund IL – Nymark IL 5-1 (2-0)
Jevnspilt 1. omgang der Midsundlaget er effektive og scorer på sine to sjanser. I 2. omgang er Midsund klart bedre og surfer inn til klar seier over bergenslaget.
Lars Håkon viste seg som en effektiv og ikke minst målfarlig venstrekant og Sindre banker inn et mål fra 18 meter i krysset. Agwa er siste målscorer.

Midsund IL – BSG Eutin-Malente 6-1 (4-0)
Tysk motstander i åttendelsfinalen. Dette ble Arnet Nautnes sin kamp. Stor og sterk spiss som banker inn 3 fine mål i 1.omgang. Øvrige målscorere i denne kampen er Lars Håkon og Simen (på corner- er det mulig!!!!!) før Agwa avslutter en overbevisende seier.
Midsund IL – Nanset IF 4-1 (1-0)
Agwa Obiech og Arnet Nautnes viser at kombinasjonen ”stor og sterk” + rask er et drømmepar på topp for Midsund. Herjer med Nanest IF fra Vestfold som aldri klarer å stoppe våre angrep.
Midsund IL – Byåsen IL 3-1 (3-0)
Byåsen innleder kampen med følgende beskjed etter vår lykke til før kampstart.
”Lykke til ja – ”dåkk treng det” – Perfekt motivasjon for Midsundgutan som feier over bylaget i 1. omgang og produserer sjanser på rekke og rad. Agwa alene igjennom flere ganger før det løsner med to mål og Arnet smeller inn det tredje før pause.
Midsund IL – Egge IL 0-2 (0-2)
Gutan er fryktelig slitne etter 3 timer fotball og det røyner på for mange i løpet av 2. omgangen.
Midsundgutane hadde lite å by på i lørdagens B-finale mot Egge IL fra Nord-Trøndelag.
Fredagens 3 timer med fotball hadde satt sine spor. Johannes og Erlend ute med skader.
Agwa og Arnet var også sluttkjørt og det ble for stort arbeidsområde for Magnus på midten.
Tapte for et bedre lag.

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost