Midsund IL

MIL / Fotball / Aldersbestemte lag / Gutter 16 / Bra heimekamp av Midsund G16


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Aldersbestemte lag

Gutter 6-8
Gutter 10
Gutter 9
Jenter 10
Gutter 11
Jenter 12
Gutter 12 år
Jenter 14
Gutter 14
Jenter 16
Gutter 16

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Bra heimekamp av Midsund G16

Vann 6-1 mot Molde3

Midsund G16 tok ein ny viktig heimeseier tirsdag og har ikkje tapt på heimebane denne sesongen.
I motsetning til på Aker stadion virka flomlyset vårt 100% og gir alltid ei spesiell ramme rundt haustkampane.
Midsundgutan leverte ein meget god kamp på Skeidvoll og fekk godt betalt for sin aggressive spelestil.
Etter poengtapet mot Eide/Omegn sist veke var gutane fast bestemt på at kun 3 poeng var godt nok i møte med bylaget. Stikkordet for kampen var press på ballførar noko laget jobba hardt med gjennom heile kampen. Motstandar Molde3 stilte med eit langt betre lag enn i våroppgjeret (4-1) og det skuldast nok at dei for anledninga var styrka med 3 mann frå 1.laget.
Alt i alt ein godt gjennomført kamp av Midsund, der me og får full klaff for endringane som er gjort i laget. Kristoffer Reiten gir meir løpskraft på topp og Sindre Tangen passer betre i si offensive kantrolle. Ellers ein solid kamp av Gunnar Hofstad og forsvaret som stoppa det meste av Molde 3 sine forsøk. På topp var Agwa Obiech og Kristoffer Reiten ein konstant trussel og gjorde at Moldeforsvaret fekk ein vanskelig kveld på Skeidvoll.
Det er og kjekt å sjå at G97-spelarane våre virkeleg har tatt nivået denne sesongen. Johannes O. Sjøvik spela sin beste kamp for sesongen og la ned eit solid stykke arbeid i spann med Magnus Bjørnerem sentralt på midtbana. Dette lover og godt med tanke på neste sesong!
To cornermål (idag og mot Eidsvåg) av Simen Hagen får stå som bekreftelse på at gutane våre tek nye steg denne hausten.

Dagens prestasjon: Magnus Bjørnerem sin volley fra 17 m. Klassescoring!!!!

Dagens Midsundspiller: Johannes O.Sjøvik

Neste kamp blir eit spennende nabooppgjer borte mot Gossen IL mandag 19.sept kl. 19.00 på Riksfjord stadion.

Kampfakta:

1- 0 Kristoffer Reiten
1-1 Straffe
2-1 Simen Hagen
3-1 Kristoffer Reiten
4-1 Agwa Obiech
5-1 Magnus Bjørnerem
6-1 Sindre Tangen

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost