Midsund IL

MIL / Fotball / Aldersbestemte lag / Gutter 16 / Borteseier for G16


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Aldersbestemte lag

Gutter 6-8
Gutter 10
Gutter 9
Jenter 10
Gutter 11
Jenter 12
Gutter 12 år
Jenter 14
Gutter 14
Jenter 16
Gutter 16

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Borteseier for G16

Erlend og Leander med god kontroll

4-1 seier mot Eidsvåg

Midsund sitt G16 lag vann 4-1 på bortebane mot Eidsvåg torsdag kveld. Som mot Rival og Sunndal havna laget under 1-0 etter ein heller sløv start. Den første halvdelen av 1.omgang var fryktelig svak av Midsundlaget som valgte å bli med på "luftkrigen" som Eidsvåg la opp til. Dette er ein type fotball laget heilt klart ikkje meistrer, og etterkvart fann gutane ut at det beste er å spele "Midsundfotball".
Andreas S. Orten spela Agwa Obiech igjennom midtvegs i omgangen og han scora på ein fin lobb.
Like før pause gjekk Midsund opp til 2-1 med eit hardt skudd frå Magnus Bjørnerem etter ei fin 45 graders pasning fra Sindre Tangen. Flott scoring av Magnus der han ligger og venter på 16-17 m.
I pausa fekk gutane klar melding om at innstilling og innsats i delar av 1.omgangen ikke var i nærheten til kva som skal være vår standard. Når me stiller til kamp må alle være med frå start.
I 2. omgang tok Midsund tak frå då dommaren bles og slapp aldri Eidsvåg inn i kampen igjen.
Agwa Obiech la på til 3-1 før Simen Hagen scora 4-1 målet frå kloss hald etter ein corner.
Med unntak av dei 15-20 første minutta spela Midsund ein bra kamp der forsvarsspelet var det som gleda mest. Bunnsolid av stopperparet Simen Hagen/Erlend Indrebø og godt backspel av Vidar Ræstad og Adrian Grimelid/Leander Kirkeland. Framover på bana kladda det litt idag sjølv om me skapar ein del sjanser utover dei fire måla. Angrepsspelet vart betre då Sindre Tangen gjekk ned som kant og Kristoffer Reiten gjekk opp som spiss. Det er ei oppstilling me nok kjem til å sjå meir av utover hausten.
Med Magnus Bjørnerem/Johannes O.Sjøvik sentralt fekk me litt meir ro med ball, samtidig som me fekk større agressivitet på topp. Spennande!!!
Ellers kjempepositivt at Leander Kirkeland hadde eit nytt flott innhopp, og han melder seg på i kampen om høgrebacken.

Dagens situasjon:
Agwa sett ballen i krysset, men blir avblåst og får frispark. Synd at dommeren blåser for tidlig for dette hadde blitt en flott scoring.

Seieren torsdag betyr at det fortsatt er opp til oss sjølv med tanke på avdelingsmeisterskapet!!

Dagens Midsundspelar: Erlend Indrebø

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost