Borteseier for G16
Seier 5-2 over Rival IL
Midsund G16 vann 5-2 over Rival på Årølia kunstgras mandag kveld. Andreas S. Orten scora Midsund sitt først mål allereie etter 2 minutter spill.
Et fint løp på sin høgreside og avslutta sikkert til side for Rival sin keeper.
Etter 10 min spill utlikna Rival på et frispark fra 20 meter. Deretter var det stort sett Midsundgutane som kjørte kampen og Agwa scora heile 3 mål før pause.
Like etter pause scora Agwa sitt 4. for kvelden. Et flott mål der han på veg mot mål stoppa opp og lobba ballen over keeper. Rival fastsatte sluttresultatet til 2-5 på straffe.
2. omgangen var ikkje prega av godt spel, men i likhet med Eidekampen så la Midsundgutane ned ein solid innsats. Knallhard jobbing gir som oftast resultat. Enkelt og kontant i forsvar og knallhard jobbing med press på ballfører i midtbaneleddet hindra Rival i å skape meir enn 4-5 sjansar i løpet av kampen.
Eit av måla for sesongen er å ta fleire poeng på bortebane og dagens kamp var iallefall ein god start.
Dagens Midsund spelar: Agwa Obiech

