Avdelingsmesterskapet rauk på heimebane
Tapte 0-6 mot Elnesvågen/Bud på Skeidvoll.
Midsund sitt G16-lag, som har leia serien gjennom heile sesongen, tapte den avgjerande kampen om avdelingsmesterskapet mot Elnesvågen/Bud.
Det var vanskelege speleforhold med krafting vind på Skeidvoll og Elnesvågen/Bud utnytta den sterke medvinden i 1.omgang og leia heile 5-0 til pause. Nokre flotte mål, men og nokre mål som vi gir bort i gåve....
I 2. omgang jamna det seg ut men Midsundgutane klarte aldri å skape dei heilt store sjansane i denne kampen. Eit fysisk robust og aggresivt Elnesvågen/Bud var eit klart betre lag enn oss idag og vann fortjent.
Synd for spelarane at dei fekk ein så dårleg opplevelse i sesongen siste kamp. Når skuffelsen har lagt seg over denne kampen så bør vi glede oss over ein sterk sesong av laget som stort sett består av G96/G97-spelarar. 32 poeng (10-2-2) er ein sterk prestasjon av Midsundlaget, som i dei aller fleste kampane har starta med minst tre G14 spelarar frå start.
Dette lover godt for neste sesong, der Midsund vil ha hovudvekt av siste års G16 spelarar. Det er liten tvil om at klubben vil kunne stille eit slagkraftig G16 lag kommande sesong.
Dagens Midsundspelar: Simen Hagen

