Surt tap mot Tomrefjord
Surt tap og surt vær på Skeidvoll!!!
Midsund IL G14 åpna forrykande i 1.omgang og leda heile 3-0 mot eit fysisk robust Tomrefjordlag. Dei første 20 min spilte Midsundgutane virkelig fin fotball.
Flott kombinasjonsspill og hard jobbing. I tillegg til 3-0 hadde heimelaget både eit skudd i tverrligger og stolpe og det var urettferdig at resultatet stod 3-2 til pause. Tomrefjord som kom meir med i siste del av omgangen fekk sine to mål på langskudd.
2. omgang var og prega av kraftig vind, og motvinden og det at fleire av spelarane hadde ein hard G16 kamp i beina (mandag) gjorde nok sitt til at Tomrefjord tok meir og meir over.
3 mål til gjestane i denne omgangen gjorde at sluttresultatet vart 3-5.
Det var ein skuffa gjeng som såg at det ikkje holdt heilt inn denne gangen.
Målscorarar for Midsund:
Vetle Heggdal
Andreas S. Orten
Johannes O. Sjøvik

