Midsund IL skuffet stort på heimebane
Tapte 2-5 mot Stranda IL
Etter 4-1 seieren over Hødd 2 var det store forventninger til årets første kamp på Midsund stadion. Heimelaget skuffa imidlertid stort i 1.omgang og det stod heile 0-4 på stadiontavla til pause.
Midsundlaget var ikkje til å kjenne igjen fra Hødd kampen og sleit først og fremst i forsvarsarbeidet gjennom heile omgangen. Arik Gosik og Even Heggdal hadde to bra muligheter på 0-1 og utlikning på ein av desse sjansane kunne ha gitt eit anna kampbilde.
Stranda IL spela kontant "kraft" fotball og vart ei tøff fysisk utfordring for heimelaget. Ein type motstander som Midsund IL aldri har likt å møte, men uansett ingen unnskylding for sløvt forsvarsarbeid.
For mange tapte duellar og svakt pasningsspel prega spelet til Midsund i kveld.
I 2.omgang la Stranda seg tilbake med alle mann og det vart vanskelig å få nok rom å jobbe i for midsundingane. På tampen av kampen scora Simen Tangen og John Arne Øien eit mål kvar og fastsatte sluttresultatet til 2-5.

