Midsund IL

MIL / Fotball / A-lag Damer / Tap mot Gossen på bortebane.


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Spillerstall 2010

Aldersbestemte lag

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Tap mot Gossen på bortebane.

Midsund mangla ei nokre spelarar før bortekampen mot Gossen, men gjorde seg absolutt ikkje til skamme til tross for 4-1 tap.

Med sentrale spelarar som Eva og Iren ute av troppen til dagens bortekamp var det ikkje noko svakt lag Midsund stilte til bortekampen mot Gossen.

Manager Godø har nok eit par synske evner og sende trenar Myklebust einsam på tur med damene til naboholmen.

Øyvind reiste ikkje heilt einsam og hadde teke med seg:

Anna Lovise Hole som målvakt. I forsvar fann vi Malla Randi Raknes, Kristin Opstad og Vibeke Beinset.
Som midtbane hadde vi Guro Heggdal, Inger Kristin Ovesen, Frida Stormyr, Ann Britt Hole og Therese Eikrem. Og vi reiser så klart ikkje på tur utan eit blad Tangen på laget. No var Mia tangen med damene på tur utan ei masete mor (Eva) i kulissane.

Inger Kristin var dagens kaptein for midsunddamene og ho vann kampens første duell på strålande vis. Kampens første duell må då nemnast å vere "stein saks papir".

Sjølve kampen var det Gossen som byrja best og dei pressa Midsund hardt bakover første fem minutta. Dette resulterte i eit tidleg mål. Midsund virka til tider litt "forkava" og fekk liksom ikkje heilt spelet til å flyte. Etter ca ti minutt byrja kampen å setje seg litt og Midsund fekk til meir framover på bana. Spesielt var spelet mellom Guro og Mia til tider godt, noko som førte til ein del farligheter framfor mål. Mia var veldig nære å pirke ballen forbi Gossen si målvakt, men det ville seg ikkje heilt.
I staden var det Gossen som kunne notere seg for enda ei scoring.
Mia fekk til slutt ballen på vår høgrekant og tok den med seg nedover langs lina. Så skar ho inn til dørlina og sette ballen i mål frå nesten død vinkel. Vi lurer faktisk framleis på korleis ho klarte å setje den opp i hjørnet.
Både Midsund og Gossen hadde fleire sjansar etter dette, men stillinga til pause vart 2-1 til heimelaget. Begge lag kunne nok godt å lagt på både med eitt og to etter spel og sjansar.

Andre omgang byrja på mange måtar som første. Gossen låg høgt i bana og vann ballen. Midsund fekk tidvis tak i kula og var farleg framover på kontring. Ofte missa Midsund ballen på veg framover på bana slik at Gossen kom i overtal.
Mia og Guro hadde framleis eit godt samspel framover og hadde og fått Frida med seg på litt offensive takter. Frida brente til frå 20 meter og ballen small i tverrliggar og ut. Frida fekk og rett etter ballen opp i krysset og ut på eit indirekte frispark.
Ikkje lenge etter var og Guro einsam med Gossen si målvakt, men ballen skulle ikkje inn.
I staden var det heimelaget som gjekk opp til 4-1. Først på eit innlegg og til slutt på eit frispark.
Dette resultatet held seg og til dommar bles av kampen.
Ein kan ikkje vinne kvar gong heller.
Neste kamp på lista er no heime mot Tingvoll. Det er ein kamp Midsund bør vinne om vi skal henge med i topp fire. :)

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost