Midsund IL

MIL / Fotball / A-lag Damer / Tap mot Eide....... igjen...


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Spillerstall 2010

Aldersbestemte lag

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Tap mot Eide....... igjen...

Igjen måtte Midsund bite i seg nok eit tap mot Eide etter eigentleg å ha styrt mesteparten av kampen. Som på heimebane vart det og tap 5-1.

Etter siger på bortebane mot Tingvoll hadde vi eit lite håp om å klare skalpen til Eidedamene. Tapet heime tidlegare på våren hadde vore av det litt sure slaget der Midsund hadde laga mange sjansar utan å makte å score nok mål til å avgjere.

Det samme skulle skje på Lyngstad stadion.Laget bestod av desse damene: Eva Tangen; målvakt.
Inger Kristin Ovesen; kaptein, Malla Randi Raknes, Ann Britt Hole, Guro Heggdal, Frida Stormyr, Vibeke Beinset, Kristin Orten, Kristin Opstad, Linnea Kirkeland.

Midsund byrja kampen best og laga fleire store sjansar. men så var det å setje ballen i mål då. Midsund treng ofte mange sjansar for å lage mål. Denne kampen var heller ikkje noko unntak.
I staden var det heimelaget som fekk komme på kontringar og setje ballen i mål mot ei sjanselaus Eva Tangen. ikkje fordi Eide var spesielt gode framover, men fordi ballen "skulle i mål" samme kvar og korleis dei sparka han. Til pause leia Eide 2-0. Og etter andre omgang var stillinga 5-1 til heimelaget. Det positive frå denne kampen er at Midsund aldrig sluttar å spele ball, og at reduseringa til 2-1 tidleg i omgangen kom etter flott klikk klakk spel framover før Guro fekk æra av å setje ballen i nota.
Meir gidd vi faktisk ikkje å seie om denne kampen. :)

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost