Midsund IL

MIL / Fotball / A-lag Damer / Siger borte mot Tingvoll.


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Spillerstall 2010

Aldersbestemte lag

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Siger borte mot Tingvoll.

Med Øyvind Myklebust på veg heim med buss nedover Gudbrandsdalen tok manager Frits Inge Godø damene med seg på årets lengste tur til Tingvoll.
Med managers styrande hand tok damene med seg alle poenga heim.

Trenar Myklebust hadde enno ikkje kome seg heim etter to veker med solbleiking i det store utland.

Manager Godø måtte difor ta av seg silkehanskane og reise einsam på tur med ni fyrrige kvinnemenneske i ulik alder.

Dei heldige var: Eva Tangen, som nektar å spele utan hanskar og som av den grunn er sett til å passe målet. Inger Kristin Ovesen var og denne gongen sett til å styre skuta, og vart det ein på fagspråket kallar kaptein.
Therese Eikrem Klauset og Malla Randi Raknes hadde og krangla seg med på tur. Inga Dyrset og Iren Nordal hadde og lyst på ein lengre biltur. Og til slutt må vi ikkje gløyme leigesoldatane frå jenter 16: Kristin "Panser" Opstad, Mia "Messi" Tangen og cornerspesialist Frida Stormyr.

Underteikna sat som nevnt og kosa seg på buss frå Oslo til Molde, men fekk kontinuerleg oppdatering frå manager med ein gong kampen var ferdig.

Midsund gjekk til pause med 2-0 etter to heilt fantastiske mål.

Etter pause kom det to nye perlemål i eliteklassen før dommar rakk å blåse av kampen.

Dei som var mest involverte i måla var Iren Nordal som laga to mål, Inga Dyrset sette sin signatur på eitt og Mia Tangen som heilt sikkert gav mamma Eva ein tåre i augekroken med sin fulltreffar. Eva kjem sikkert til å forsvare tårevåte auge med ei låg kveldssol.

Uansett flott med ein siger og nye tre poeng til damene som etter vår meining har dei finaste draktene og spelar den vakraste festfotballen.

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost