Midsund IL

MIL / Fotball / A-lag Damer / Siger borte mot Malmefjorden.


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Spillerstall 2010

Aldersbestemte lag

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Siger borte mot Malmefjorden.

Kampen mot Malmefjorden var eigentleg satt til 16. juni, men då hadde vi ikkje nok spelarar. Det hadde vi ikkje i dag heller, men vi sette oss inn i bilane og drog på fastlandstur for å nyte regnveret der. Kampen gjekk ikkje så aller verst den heller.

Etter ei lang pause sidan sigeren 8-1 heime mot Gossen tok to trenarar og åtte damer/tauser turen til Malmefjorden for å jakte poeng.

Eva Tangen har vore på eit kortare treningsopphold i London for å hente inspirasjon av ulikt slag og fekk difor den fine grøne drakta og eit par flotte hanskar å kose seg med.

Kristin Opstad og Malla Randi Klauset vart sett i forsvar for å skremme vekk eventuelle spissar.
På midtbana starta Frida Stormyr, Mia Tangen og Ann Britt Hole.
Heilt på topp sette vi Iren Nordal på grunn av at det er den einaste plassen på bana vi tør å bruke henne. :)

Vi hadde og med ein sterk benk i form av Ane Pauline Ugelvik.

Trenarteamet bestod nok ein gong av dei lettare arrogante kynikarane Frits Inge Godø og Øyvind Myklebust.
Dei vona at dei som i sist kamp skulle få Midsundskuta til å gå rundt eller kva det no heiter.

Byrjinga av 1. omgang var litt famlande av Midsund som ikkje var heilt komfortable med sprett og stuss på ei våt, men grei grasbane.
Det var heimelaget som var mest frampå dei første minutta, men det vart liksom ikkje så veldig farleg framfor Eva i målet. Kristin og Malla rydda greit unda i samarbeid med midtbana.

Ut i omgangen fekk Midsund spelet og pasningane til å gli betre, og dei vart farlegare og farlegare framfor målet til heimelaget. Iren hadde to store sjansar før ho til slutt sette ballen inn i nota og førte Midsund i leiinga 0-1.
Ikkje lenge før pause var Iren frampå igjen og auka til 0-2.
Slik var og resultatet då dommar bles til pause.

2. omgang byrja litt på samme måte som første. Malmefjorden gjekk offensivt ut og var nærme på å redusere, men Midsund fekk rydda unda. Heimelaget hadde og eit skot som Eva rutinert lot gå i tverrliggar og ut.
Så var det klart for Iren Nordal igjen. Etter eit par nestensjansar for Midsund fekk ho ballen på kanten, vende vekk forsvararinna si og sette ballen til side for keeper. 0-3.
Ikkje lenge etter fekk Iren igjen ballen på kanten av malmefjord sin 5 meter. Ho tok med seg ballen inn og sende den i mål bak ei sjanselaus målvakt.

Då dommar bles av kampen kunne vi difor juble for tre nye poeng. Då vi mangla mange faste spelarar til denne kampen heng denne sigeren ekstra høgt. Det lovar og godt for kommande kampar.
Møt difor opp til neste damekamp på Skeidvoll og støtt damene våre.

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost