Seier heime mot Tingvoll i sløsekamp.
Hausten er på full frammarsj, men damefotballen rullar vidare. Slik kunne vi halde på i timesvis, men lat oss heller kome til saka utan meir vissvass.
Damene hadde på seg dei fine blå draktene, publikum var i ekstase og på andre banehalvdelen venta Tingvoll.
Då manager Godø var på hjartestartarkurs måtte igjen trenar Myklebust ta jobben med å leie damene til forhåpentleg nye triumfar. Ikkje enkelt å vere trenar i ein kravstor klubb med andre ord. :)
Kanskje var det like greit at Godø var på hjartestartarkurs, for med så mykje sløsing framfor mål kunne nok pumpa til nokon og ein kvar hoppe over eit par slag.
Myklebust hadde klart å skrape saman denne troppen etter iherdig sms'ing.
Eva Tangen i mål.
Malla Randi Klauset og Kristin Orten i forsvar.
Guro Heggdal, Linnea Kirkeland og Ane Pauline Stølen Ugelvik på midtbane og kaptein Iren Nordal på topp.
På sidelinja stod to drevne krigarar; Therese Eikrem og Ann Britt Hole, klar til å stupe innpå i krigen om lêrkula.
Midsund byrja kampen best, men dei siste pasningane framover sat ikkje heilt. Kampens gode dommar, Roar Stormyr, måtte difor vente omtrent ti minutt før Iren krangla ballen i mål i ein duell med målvakt etter pasning av Ane Pauline. Neste mål lot vente på seg, men det var ikkje på grunn av mangel på sjansar. Dei hadde Midsund meir enn nok av for å seie det mildt. Det vart mykje som strauk tverrliggar og eit par stolper før Guro Heggdal auka leiinga til 2-0.
Iren klarte å pirke inn enda eitt mål før rutinerte Roar Stormyr bestemte seg for å gje damene ei pause på stillinga 3-0.
I andre omgang jamna kampen seg litt ut og Tingvoll kom meir med i kampen. Uansett var det Midsund som kom til dei farlegaste sjansane og igjen var det smått utruleg at måla uteblei. Mykje takka vere ein god målvakt i Tingvollburet som varta opp med eit par publikumsredningar. Tingvoll hadde og eitt par sjansar, men heller ikkje dei fekk ballen i nettet.
Det kom aldri noko mål i andre omgang og dommar Stormyr byrja å kjede seg så kraftig at han valde å blåse av kampen. Midsund beheld difor alle poenga og Tingvoll måtte finne trøyst i svele og vestlandslefse på ferga til Mordalsvågen.
Det har vore litt typisk Midsund å vere litt lite effektive framfor målet i år, men vi håpar på fleire fultreffarar i neste kamp heime mot Malmefjorden 29. september. Det er og mogleg vi klarer i snike inn storkampen mot Rival i mellomtida så følg med.
Time will show.

