Midsund IL

MIL / Fotball / A-lag Damer / Flott fotball og tosifra mot Batnfjord.


Forsiden

MIL Fotballgruppa

Dokumenter

Nyheter

A-lag Herrer

A-lag Damer

Spillerstall 2010

Aldersbestemte lag

Baner/anlegg

Linker

Sponsorer

Diskutér


Midsund IL


Logg inn

Siste innlegg i forumene:

Flott fotball og tosifra mot Batnfjord.

Guro har lenge vore irritert over at ho enno ikkje har fått vere med å vinne i år. I dag fekk ho endeleg kjenne på seiersrusen saman med resten av laget etter ein flott kamp mot eit sjanselaust Batnfjord.

Iren Nordal er ein notorisk målscorar for Midsund. I dag var ho på sitt mest effektive då motstandar Batnfjord vart sendt heim med 11-0 i sekken.

Trenar Myklebust hadde etter ordre frå Manager Godø fått tak i desse spelarane: Eva Tangen (mål), Inger Kristin Ovesen (kapt), Malla Randi Raknes, Ann Britt Hole, Therese Eikrem, Guro Heggdal, Frida Stormyr, Linnea Kirkeland, Kristin Opstad, Kristin Orten, Iren Nordal.

Midsund gjekk tidleg i leiinga med 1-0 etter scoring av Iren Nordal. Til pause var stillinga 6-0. Den kunne godt ha vore enno større.

Etter pause held heimelaget fram med finspelet, samstundes som Batnfjorden heva spelet sitt litt dei og. Allikevel klarte dei ikkje å komme til så alt for mange sjansar framfor målet til Eva Tangen. Forsvaret anført av Malla, Kristin og Kristin tok unda mesteparten av forsøka til motstandar. På midtbana viste Frida, Inger Kristin,, Guro, Linnea og Ann Britt fin fotball, og dei fann ofte Iren og Therese framover på bana. Måla let ikkje vente på seg og heimelaget noterte seg for fem nye mål før ein rutinert Vidar tangen bles av kampen.
Sluttresultatet som vert skrive inn i historiebøkene og som de kanskje kan lese om i Øyavis under den populære spalta: "Øyavis for 20 år sidan" vart
11-0.
Manager og trenar bøyer seg i støvet for damene samstundes som vi framleis ser at laget enno kan bli enno betre.
Neste kamp er borte mot naboane våre på Gossen. Ein kamp vi gjerne vinn, sjølv om dette nok vert ein av årets vanskelegaste kampar. Men som brura sa: Ikkje noko er slik stas som å slå Gossen på fotballbana."

Copyright ©
Midsund Fotball.
En webløsning fra EasyHost