Damene slo Gossen 8-1 på Skeidvoll.
Lêrkuledamene frå Midsund har slite dei to første kampane, og før heimekampen mot Gossen stod laget utan poeng. Då smakte det godt med ein siger mot naboholmen.
Etter tap borte mot Rival og heime mot Eide var Midsund heilt nederst på tabellen før møtet med Gossen på Skeidvoll. Dette var ein kamp vi ikkje hadde noko særleg lyst til å tape, og i det som må seiast å vere årets viktigaste heimekamp gjekk det verkeleg vegen.
Som vanleg stilte Midsund med ein herleg miks av rutinerte damer og leigesoldatar frå 14-16:
Eva Tangen, Malla Randi Klauset, Iren Nordal, Inger Kristin Ovesen, Ann Britt Hole, Kristin Opstad, Kristin Orten, Linnea Kirkeland, Frida Stormyr, Vibeke Beinset og Mia Tangen som hadde sin første kamp på seniornivå.
Det som gjorde denne kampen særleg artig var at dette var Eva Tangen sin kamp nr 300. Dottera Mia fekk sin første kamp, og det heile vart toppa med at dagens dommar var evigunge Vidar Tangen.
Dei første minutta i kampen var relativt jamspelt der begge lag hadde halvsjansar. Det var likevel heimelaget som var farlegast frampå og det var heilt fortent at Iren kunne notere seg for sitt første mål for sesongen.
Så gjekk det ei stund med ein del sjansebrenning før Linnea la på til
2-0 på eit hjørnespark.
Så sette Inger Kristin ballen i nota før det igjen var duka for Iren.
På slutten av omgangen scora Gossen på eit skot frå langt hald som gjekk via stolpa og i mål bak ei sjanselaus Eva Tangen.
Stillinga til pause var difor 4-1 til heimelaget. Etter spel og sjansar burde leiinga vore mykje større.
Bakover hadde Midsund rimeleg grei kontroll og Gossen kom til få farlege sjansar.
I andre omgang tok det ei lita stund før heimelaget vakna. Gossen kom til fleire store sjansar, men heimelaget fekk ofte ein fot eller eitt eller anna framfor ballen i siste sekund og fekk ballen vekk.
Det var tydeleg ikkje bortelaget sin dag framfor målet.
I staden var det Iren som fekk sjansen i andre enden og sette inn sitt tredje for dagen med noko som må vere ein innøvd variant. Det var omtrent totalt bom på ballen som braut dei fleste fysiske lover og sneik seg under Gossen sin målvakt og i nota.
Frida Stormyr sette så inn Midsund sitt 6. mål for dagen før Iren var frampå att og scora sitt fjerde.
Nykommar Mia Tangen fekk så sjansen på eit lavt innlegg og sette ballen inn i mål som om ho ikkje hadde gjort anna. Mia og resten av laget hadde og store sjansar etter dette, men fleire mål vart det ikkje.
Då dommar Vidar Tangen bles av kampen var gjekk resultatet inn i historiebøkene med heimesiger 8-1.
Både manager, trenar og spelarar virka å vere veldig nøgd med dette naturleg nok. Vi vonar no at laget har starta poenghausten og gler oss til neste kamp. Den skal vi spele borte mot Tingvoll 2. juni.

