Målføre
Du må være logget inn for å ha tilgang til forumene. Du kan logge inn her
|
Forfatter
|
Melding
|
|
Frank Tangen
|
19. november 2005 22:48:27
Målføre
Først vil eg gratulere med ei flott side. Sida er oversiktleg og inneheld mykje god informasjon. MEN eg er særs skuffa og forundra over at sida er skreve på bokmål. Ein skulle tru at i ein kommune der hovudmålet er nynorsk so skulle ein nytte dette flotte språket. Eg forventar ei god og utgreiande grunngjeving på dette!!!
|
|
Ivan Tangen
|
22. november 2005 12:13:19
Svar til målføre
Fotballgruppa i Midsund ledes pr. dags dato av en innovativ gjeng som ikke ledes til å tråkke langs gamle veier. Vi ser fremover og ofte, i følge tilbakemeldinger fra vår store medlemsmasse, litt i overkant oppover. Vi satser ikke kun på spillere med stor kunnskap innen vår spesielle form for kommunikasjon (les nynorsk), men henvender oss også til de mer urbane spillelystne (og for så vidt trener-lystne). Da vi ønsker å imøtekomme alle potensielle spillere og trenere har vi valgt å presentere klubben på bokmål siden 75% av norges befolkning lett snubler i a-endinger. Vi kunne selvsagt velgt å ha begge målformene på siden, men det var ikke avsatt nok penger til dette formålet til at vi fikk til dette. Da hadde det nok vært mer fristende å publisere sidene på engelsk i stedet, da vi heller ønsker oss Roy Kean til klubben enn "Olav Knut Krøvel-Velle"! )
|
|
Frank Tangen
|
22. november 2005 21:15:27
Ein høveleg respons
For det første; når ein gjev svar på ein skriftleg førespurnad so skal ein alltid svare med same målform!!!
For det andre; i fall den delen av folkesetnaden internettsida dykk tek sikte på å nå ikkje klarar å lese ord med a-endingar, vert eg særs ottesam. Spelarar og trenarar som ikkje er utrusta med dei grunnpilarane, som det eit rikhaldig språk er, bør få kverrsett spelar-/trenar lisensen sin. Anten manglar dei nødvendige evner for å tilegne seg kunnskap eller so har dei fått kraftig hovudskaking av ymse årsaker.
I fall det er Midsund IL sin politikk og drive naudhjelp for slike halv analfabetar so må dei gjerne gjere det. So desperat etter folk trudde eg ikkje idrottsgruppa var.
For det tredje; Midsund er ein kommune som nyttar nynorsk som sitt hovud målføre. Dette er eit privilegium og inkje eit vonde. Kommunen bør og gå som ein føregangs kommune og fronte den målforma dei utøvar. Ei internettside som tek føre seg ulike aktivitetar i ein kommune bør og gjenspegle dei språketiske reglar og normer kommunen forfektar. I og med sida er laga av, vedlikehalde og hovudsakleg lest av innbyggarar som er særskild knytt til kommunen burde valet av målføre vere enkelt og innlysande!!!
For det fjerde; Olav Knut Krøvel-Velle var ein særs frykta spelar på toppnivå i mange år før alder og skadar gjorde sitt inntog. Dersom MIL vil ha ein avdanka spelar som av vane vil forlate skuta i det den grunnstøyter, so er klubben hjarteleg velkomne 
|